Personutforsker

Velg en person

Rubin Langmo (Larsen)


Beskrivelse

Rubin Langmo Larsen må ha vore ein uvanleg initiativrik, modig og sjarmerande 20-åring 9. april 1940. Ein ung mann med mot og handlingskraft langt utover det som er vanleg. Han var snartenkt, kreativ og må og ha hatt talent for å bli skodespelar.
Mange gongar bløffa han seg gjennom tilsynelatande håplause situasjonar. Då snakka han ikkje sant. Men kven hadde vel gjort det når livet stod på spel i dei og han var blant fiendar.
Det ville ha ført til den visse død både for han og andre nordmenn som kjempa mot tyskarane. Det ville og vere underleg om menneskekjennaren Martin Linge valde ein «villmann» som ikkje var til å stole på som adjutant og «livvakt». Det kan umogeleg ha vore tilfeldig at Martin plukka ut Rubin Langmo Larsen til å vere med seg på sitt spesialoppdrag under Måløyraidet.

For Ruben Langmo var ein av våre mest dekorerte menn frå 2. verdskrig for sin oppoffrande innsats, mot og gjennomføringsevne.Då Rubin Langmo Larsen kom tii London i mai 1940 vart han teken inn i SOE av same person som eit par månader seinare rekrutterte Martin Linge, professor Musters. Musters gav han tidleg eit internt pass med følgjande tekst og dekknamn:


«Utanlandsk offiser med lov til å vere i militært vakta område. Ingen har lov til å spørje Rudolf Larsen om noko. Alle spørsmål om denne offiseren må rettast til Room 98, House Guards.»

Løytnant Larsen som Trygve Lie refererer til må derfor truleg ha vore R.L.Larsen som i dette interne passet var oppført som Rudolf Larsen.


Rubin Langmo har fortalt om ein episode som forklarar kvifor britane innsåg at det måtte ei meir systematisk og målretta rekruttering til skulle ein skaffe dyktige sabotørar til Norge. No var dette på grensa til hasardspel. Det var tilfeldig kven av unge nordmenn som vart plukka ut til sabotasjearbeid i Norge før Martin Linge fekk ansvaret for rekrutteringa:

Biografien om Martin Linge, forteller Svein linge om dette.


Hendelser til personen

TittelDatoLenke
MK X33 "Torsvik" 1 MK NYO M-9-B1940-05-08Se mer
MK X001 SIS Operation Norway1940-05-31Se mer
MK X29 "Storemark" 2 MK TRAUST1940-07-15Se mer
Establish of SOE group NOR.I.C.1 - Kp.Linge.1940-08-15Se mer
AM 038 SOE Operation BITTERN 11942-09-25Se mer
AM 038 SOE Operation BITTERN 21942-10-01Se mer
AM 038 SOE Operation BITTERN 31942-10-03Se mer

Nyttige lenker

TittelLenke
Martin Linge : biografiSe mer