OSELVAR 18 ' Marstein til Scapa Flow
Beskrivelse
Oselvar 18 fot, drog frå Marsteinen 19. august 1941 med 3 personar.
Båten var ein robåt utstyrt med segl og elles med garnblåser som var surra fast over tiljene slik at han ikkje skulle gå ned om han vart fylt av sjø. Utstyret
elles var mat og vatn, eit Silva oljekompass og 2 segldukspøsar til å ause med.
Dei fekk lagleg ver med bris frå sørvest. Seinare dreia han vestleg og friskna, men båten tok sjøen fint. Siste del av turen var det lite vind og dei måtte ro for det meste. Den 23. august om ettermiddagen fekk dei landkjenning ved nordpynten av Skottland, og same dag vart dei plukka opp av ein destroyer og førte inn til Scapa Flow.
Dei som var med:
Henrik Hop, Fana,
Fredrik Persen, Bergen,
Øystein Øysteinsen, Øygarden.
Fra Sted
Tittel | Lenke |
---|---|
Marstein | Se mer |
Til Base
Tittel | Lenke |
---|---|
Scapaflow A.C.O.S - N.P.V | Se mer |
Deltakere
Navn | Lenke |
---|---|
Henrik Martin (Henriksen) Hop Fenrik | Se mer |
Fredrik Persen | Se mer |
Øystein Øysteinsen | Se mer |
Fremdrift
Navn | Lenke |
---|---|
Oselvar 18' | Se mer |