MK X24 MK Jåbek til Baltasound
Beskrivelse
Departed Ålesund on May 2-1940 with 20 people and arrived Lerwick in the morning of May 4, having stopped at Baltasund. On their way south they had Bomma in front of them, also headed for Lerwick.
MK Jåbæk had been under military command since the war started. The skipper, Peder L. Godø was told to stand by f. o., and on May 2, the day after the south of Norway had capitulated, Godø was requested by the sherriff in Borgund to go to Ålesund. 16 people came on board, among them soldiers from the Bergen area. The skipper's brother-in-law and part owner of the vessel, Oskar Pilskog also came along. Other crew were John Godø and Ivar Nerland.
M/B «JÅBÆK» - M 85 B - drog den 2. mai 1940 frå Ålesund med 20 personar. Kom til Lerwick om morgonen den 4. mai. «Jåbæk» hadde vore under norsk militær kommando sidan krigen børja. Skipperen, Peder L. Godø, hadde ordre om å liggje klar for nærare ordre og med proviant for fire døgn om bord. Den 2. mai, dagen etter at Sør-Norge var overgitt, fekk Godø ei oppmoding frå lensmannen i Borgund om å gå til Skateflukaien i Ålesund og ta om bord rømlingar.
Her gjekk 16 personar om bord. Peder Godø opplyser at blant desse var ein del soldatar frå Bergenskanten, ein ingeniør frå Stongfjorden med kone og born, eit par sjøoffiserar og ei hallodame frå Bergen. Mannskapet var Oskar Pilskog, som og var medeigar og svoger til skipperen, John Godø og Ivar Nerland. Dei gjekk først inn til Baltasund, men drog vidare derifrå til Lerwick. På vegen søretter gjekk Fred Olsens motorskip «Bomma» framom med kurs for Lerwick. «Bomma» hadde starta frå Molde, truleg same dag og etter å ha hivd i land 3000 sekker mjøl. Dei og hadde med nokre rømlingar. Blant desse var Lauritz Devold.
Fra Sted
Tittel | Lenke |
---|---|
Godøy - Rundøy - Svinøy | Se mer |
Til Sted
Tittel | Lenke |
---|---|
Baltasound | Se mer |
Deltakere
Navn | Lenke |
---|---|
Peder Lauritzen Godø | Se mer |
Oskar Pilskog | Se mer |
John Godø | Se mer |
Ivar Nerland | Se mer |
Fremdrift
Navn | Lenke |
---|---|
MK Jåbek M-85-G | Se mer |