MK X002 Hjemsendelse av sabotører
Beskrivelse
Den gjengen som kom overt il å delta i SIS ekspedisjonen mot Haradanger og Bergensbanen innehold litt forskjellig kompetanse.
Ifølge Ulstein var det kvalfangere, sjømenn, soldater, i skjønn forening, som ble satt på et Hurtigkurs i HOWTODO Sabotasje i Norge.
Det var ein gjeng kvalfangarar og englandsfararar som hadde hatt eit lynkurs i sabotasje nede i Skottland. Med på turen var dessutan brørne Leirvåg. Ekspedisjonen skulle setjast i land ein stad i Masfjorden. Derifrå skulle sabotørane ta seg nedover til Bergensbanen og Hardangerfjorden. Eit våpendepot skulle leggjast opp i Øygarden. Oskar Leirvåg skulle i mellomtida levere «Snål» tilbake til eigarane. Dei kom inn til Utvær i Solund 1. juni, og drog vidare derifrå til Haveland i (Julen. Storemarks ordre var å setje sabotørane —
11 mann i talet — i land på ein sentral plass, så dei lett kunne kome til Sognefjorden og Hardangerfjorden, og dette var plassen. Dei drog av stad kort etter, men måtte først skaffe seg norske Støvlar. Dei fleste var komne om bord i Lerwick i vanlege skor, somme jamvel i lakkskor. Korkje dei eller dei som hadde sendt dei, visste ennå særleg mykje om krig. Men alle hadde god tru, og nå sette sabotørane til fjells med ryggsekker fulle av sprengstoff og ammunisjon. Målet låg over alle fjell i sør, Bergensbanen og Ålvik i Hardanger.
Kor det enn bar til, same kvelden vende ein del av karane tilbake til Haveland. Ekspedisjonen var gått halvt i oppløysing.
Men restane heldt fram søretter, stundom sjøvegen, stundom over land. Nokre dagar seinare small det under rørleidningen til kraftstasjonen i Ålvik — den første eksplosjonen sett i verk utafrå under okkupasjonen av Norge.
I mellomtida låg skøyta «Hospits» og venta i ei vekkgøymd bukt ved Haveland. Det var blitt folksamt om bord etter at halve styrken var returnert, og det var fare for at dette ville merkast vidt utover. Oskar Leirvåg hadde i mellomtida knytt kontakt med ein mann i Duesund, Ivar Duesund, og halvt snakka frampå om å få låne hans båt — ein tidlegare Brand-båt med namnet «Gneist» — så ein kunne få alt dette folket vestover att, dersom det skulle dra ut med resten av ekspedisjonen. Og nå drog det alvorleg ut.
Ville Duesund Ia dei få båten? Det enda med at dei fekk han. Då reiste Oskar Leirvåg heim og henta kone og tre born. Ein kveld først i juni stemnde «Gneist» ut mellom holmane med rømlingar og sabotørar om bord. Blant desse var brørne Leirvåg. Dei kom vel fram til Shetland eit døgn seinare. Nå tok dei andre medlemene av ekspedisjonen til å kome tilbake til danskeskuta. Men ein av dei, Ruben Larsen, som hadde rømt vestover havet med «Nyo» av Ålesund i mai, mangla.
Les mere i Englandsfarten 2 Ulstein under.
Fra Sted
Tittel | Lenke |
---|---|
Haveland i Gulen | Se mer |
Til Base
Tittel | Lenke |
---|---|
Lerwick | Se mer |
Deltakere
Navn | Lenke |
---|---|
Oskar Leirvåg, med kone og 3 barn og bror | Se mer |
Sabotørene som ga opp 5-6 stk | Se mer |
Fremdrift
Navn | Lenke |
---|---|
GNEIST Brannbåt | Se mer |
Galleri
Nyttige lenker
Tittel | Lenke |
---|---|
Englandsfarten 2 | Se mer |